NO
EN
DE
IT
FR
ISL
Velg religion
600 Polar W
Kandahar
300 Polar
Everest
GT-450
LH 500
Leitwolf

 

  Medlemmer

 

- Bli medlem
- Glemt passord?
Brukernavn:

Passord:

Husk meg

 
 

  Generelt

 

- Gå til startsiden
- Om tråkkemaskin.no

 
 

  TråkkeNytt

 

- Omtaler
- Siste 15 artikler
- Artikkelarkiv

 
 

  TråkkeMap

 
 

  TråkkeGalleri

 

- Søk
- Topp 100
- Siste 100 Norge (0)
- Siste 100 Verden (0)
- Screeners Choice
- Kommentarer (0)

 
 

  TråkkeForum (0)

 
 

  TråkkeMarkedet

Offensiv ordfører i Stranda kommune - men utbygging lar vente på seg

Lagt til av: Ole Kristoffer Hole Olsen | publisert: 28.06.2009

Ordførar Frank Sve vil gjere Strandafjellet skisenter om til eit kommunalt foretak. Han fremma sak om det over bordet i kommunestyret, men fleirtalet nekta å realitetshandsame saka.

Ordførar Frank Sve trakk forslaget om å realitetshandsame saka då han skjønte at han ikkje fekk det nødvendige totredels fleirtal. Han kallar dermed inn til nytt kommunestyremøtet 3. juli.

Det slo ned som ei lita bombe i kommunestyret då ordføraren fremja saka om at kommunen overtek heile skisenteret og står for utbygginga sjølv, ved å gjere aksjeselskapet om til eit kommunalt foretak. Kommunestyret vedtok i mai å gje ein lånegaranti på 49 millionar kroner til bygging av stolheis og andre fasilitetar på Fursetsida i skisenteret. Kommunen eig over halvparten av aksjane i selskapet. Sparebanken Møre og Stranda IL er blant dei andre aksjonærane.

Ordføraren argumenterte for at det er mindre risiko for kommunen å opprette eit kommunalt foretak, og slik ha full kontroll på utbygginga. Renteutgiftene blir også lågare på denne måten. Vidarer hastar det voldsomt å få bestilt stolheisane, og ordføraren ville ikkje vente lenger på at fylkesmannen si avgjerd på om lånegarantien blir godkjent. Frank Sve meiner fylkesmannen har brukt altfor lang tid.

Saksutgreiinga besto av eit notat frå ordføraren, og ei liten vurdering av notatet frå rådmannen, ved plan - og utviklingssjef Steinar Belsby.

Formannskapsmedlemmene vart gjort kjent med ordførarens ønskje måndag. For dei andre representantane, truleg med unntak av Frp-gruppa, kom forslaget som ei stor overrasking. Opposisjonen argumenterte kraftig for at dette var ei for stor og viktig sak til at den kunne handsamast over bordet, og Senterpartiets gruppeleiar gjorde det klart at ifølge kommunelova måtte det to tredjedels fleirtal til for å realitetshandsame saka.

Det skjønte ordføraren at han ikkje fekk, og trekte forslaget om realitetshandsaming. Istaden innkallar han til nytt kommunestyremøte fredag 3. juli, der saka skal handsamast. Fleire opposisjonsrepresentantar krevde ei grundigare saksutgreiing - gjort av administrasjonen - til det møtet.

kilde: sunnmøringen

Bildegalleriet har 23075 bilder!
0 lagt inn i dag - 0 den siste uken

Velkommen til Tråkkemaskin.no! På denne siden finner du den største oversikten over bransjenytt, det største bildegalleriet, den ferskeste diskusjonen og mye seriøs fakta!

 

Siste 5 forum

deler til kassbohrer (0 svar)

Sikksakk kjøring (19 svar)

kässbohrer pb 200 mangler framdrift på beltene (2 svar)

Hva vil dere anbefale (7 svar)

PB200d fremdrifts problemer (15 svar)

Alle diskusjoner

 

Siste 20 Screeners Choice

 

Siste screenede bilde

 

Hole Olsen Aktiv - Copyright 2006-2016 (All rights reserved)

All information on this page (including pictures) belongs to the author, and commersial
use of the information is not under any circumstances allowed without the owners acceptance.
For private purposes information can be used, but we strongly demand you in any case to refer to trakkemaskin.no.

informasjons lag