Opning av nytt skianlegg ved Rauland Skisenter
Lagt til av: Espen Børresen | publisert: 11.01.2008
I Rauland har vintersesongen vore i full gong lenge. Til helga opnar 11 nye bakkar, skitrekk og 4-seters stolheis i Holtardalen, og alpinttilbodet blir endå betre!
Trykk for større bilde |
|
|
© |
Rauland Skisenter er no desidert størst i Telemark, og blant dei store i Norge! Totalt kan skisentra på Rauland no tilby 16 heiser, 39 alpint-nedfarter, 3 kjelkenedfarter og 3 terrengparkar.
Opning av nye heiser og bakkar i Rauland Skisenter laurdag 12.nov kl 13.00
The shop & Raulandsfjell presenterar "En god helg" fre-søn 11.-13.januar Utstyrstesting, konkurransar m/premieutdeling og afterski på Raulandsfjell. Fullt trøkk i bakken laurdag med DJ og bra musikk.
Anlegget er ei ytterlegare utvikling av Rauland Fjellgrend og er eigd av Rauland Invest AS og drive av Rauland Skisenter AS. Det har skjedd mykje i Rauland dei seinare åra. Holtardalen har blitt utvikla gjennom eit langt og godt samarbeid mellom m.a. grunneigarar, Vinje kommune og eigedomsutviklarar.
Det er eit nært samarbeid mellom alle alpinanlegga i Rauland, heiskorta kan nyttast i alle skianlegga.
Kilde: www.skiinfo.no
|