NO
EN
DE
IT
FR
ISL
Velg religion
600 Polar W
Kandahar
300 Polar
Everest
GT-450
LH 500
Leitwolf

 

  Medlemmer

 

- Bli medlem
- Glemt passord?
Brukernavn:

Passord:

Husk meg

 
 

  Generelt

 

- Gå til startsiden
- Om tråkkemaskin.no

 
 

  TråkkeNytt

 

- Omtaler
- Siste 15 artikler
- Artikkelarkiv

 
 

  TråkkeMap

 
 

  TråkkeGalleri

 

- Søk
- Topp 100
- Siste 100 Norge (0)
- Siste 100 Verden (0)
- Screeners Choice
- Kommentarer (0)

 
 

  TråkkeForum (0)

 
 

  TråkkeMarkedet

Snøkanonane snudd i Ålsheia

Lagt til av: Ole Kristoffer Hole Olsen | publisert: 26.10.2007

Under torsdagens kommunestyre kunne det sjå ut som om skytset med snøkanonane i Ålsheia var snudd. Mindre av nedfallet ramma denne gongen styret. I staden var det kommuneadministrasjonen som fekk køyrt seg. Styreformann i Ålsheia Skisenter as var sjølv til stades på kommunestyremøtet og orienterte dei folkevalde om situasjonen.

Trykk for større bilde
Styreleiar i Ålsheia Skisenter as, Per Kverneland, orienterte dei folkevalde om kva som hadde skjedd med selskapet unde torsdagens kommunestyremøte © sirdolen.no
Under torsdagens kommunestyre kunne det sjå ut som om skytset med snøkanonane i Ålsheia var snudd. Mindre av nedfallet ramma denne gongen styret. I staden var det kommuneadministrasjonen som fekk køyrt seg. Styreformann i Ålsheia Skisenter as var sjølv til stades på kommunestyremøtet og orienterte dei folkevalde om situasjonen.

-Investorar stod klare med 25 millionar kroner, men kommunestyret stoppa emmisjonen. Risikoen var at me hadde ein eigar som ikkje ville vere med på emmisjonen. Dermed oppstod det ei likvide krise, meinte Kverneland, som viste til at kommuneadministrasjonen kjende til den økonomiske situasjonen alt i mai.

-Me var i kontakt med rådmannen fleire gonger i mai.

Styreleiaren i Ålsheia var oppgitt over den omfattande kritikken som var kome fram

-Me har køyrt selskapet profft, og alle i styret er oppegåande personar. Det er ingenting å setja fingeren på, forsikra Kverneland. som også viste til at det fanns element som gjorde at det ikkje var så lett alltid.

-Me har 5 gonger så dyre grunneigaravtalar som til dømes på Hovden.

Skam og skandale
-Det er ei skam og ein skandale at me i formannskapet ikkje blei informert om den økonomiske situasjonen alt i vår, umiddelbart etter at kommunen sin representnt i styret og kommuneadministrasjonen kjende til situasjonen. Og kva er dei 1 1/2 millionane som blei gitt i ansvarleg lån i sist kommunestyre nytta til? Er alt uteståande nå oppgjort, undrast Ivar Hognestad (Frp).

Kverneland svara at det var rydda opp i det meste, men at noko enno gjenstod.

God jobb
Helge M. Tonstad, kommunen sin representant i styret, forsvara måten selskapet var drive på.

-Å sabla ned styret, det er eg ikkje med på. Dei har gjort ein god jobb. Det er forferdelig slik som Hognestad driv på. Styret har drive proffesjonelt og utviklar anlegga i høve til masterplanen.

-Eg ønskjer å lukke møtet, for å seie noko om ein personsak, sa Glenn O. Josdal (AP).

-Gamle Ålsheia var me alle glade i. Det som skjer nå er ikkje Ålsheia verdig. Dette er grotesk. Her krev eg ei opprydning, var meldinga frå Ivar Ousdal (V).

-Styret må ha økonomien i botnen før dei køyrer etter ein plan. Men eg føler nok at mange av oss politikarar skaut frå hofta mot Kverneland og styret i sist møte. For då me spurde rådmannen om når tid dei fekk greie på den økonomiske situasjonen, fekk me til svar at det var for kort tid sidan. Så det må rådmannen ta kraftig kritikk på. Helge var og på møtet i mai. Og dei som møter for kommunen har ei plikt til å informere, meinte Karl Edv. Fjeldsaa (SP).

Proffesjonell eigar?
Isak A. Liland (SP) er nyveld kommunestyrerepresentant og deltok dermed ikkje på det turbulente septembermøtet. Men han stilla spørsmål med hovudaksjonæren (Sirdal kommune med 66% av aksjane) si rolle i saka.

-Har selskapet ein profesjonell eigar, undrast Liland, og viste til at dei folkevalde burde oppføre seg som folk.

-Det er direkte feil at me heldt tilbake opplysningar. Og eg kan skrive under på at det er eit proffesjonelt styre som utviklar Ålsheia og Tjørhomfjellet i høve til masterplanen, forsikra Helge M. Tonstad (H).

Det var delte meiningar om møtet burde lukkast for ein periode eller ikkje. Men i nokre minutt blei tilhøyrarar og presse sendt på dør. Etter 20 minutts diskusjon bak lukka dører, var snøkanonane på nytt lada opp.

-Me må ta ein diskusjon om kor lenge kommunen skal vere med som eigar i Ålsheia. Skal me vere med må me gå inn med pengar, meinte Karl Edv. Fjeldsaa (SP).

-Det er uheldig at kommunen skal vere eigar. Det må andre eigarar inn, føreslo Helge M. Tonstad (H).

-I september skulle me hjelpe selskapet ut av ei kortsiktig likvid krise. Eg må seie at eg blei overraska over at det då var gitt eit lån med 3 års avdragsfriheit og nedbetaling på 15 år, kommenterte Ivar Hognestad (Frp).

Og så, etter ein lang og til dels hard diskusjon, ebba det

Bildegalleriet har 23075 bilder!
0 lagt inn i dag - 0 den siste uken

Velkommen til Tråkkemaskin.no! På denne siden finner du den største oversikten over bransjenytt, det største bildegalleriet, den ferskeste diskusjonen og mye seriøs fakta!

 

Siste 5 forum

deler til kassbohrer (1 svar)

Sikksakk kjøring (19 svar)

kässbohrer pb 200 mangler framdrift på beltene (2 svar)

Hva vil dere anbefale (7 svar)

PB200d fremdrifts problemer (15 svar)

Alle diskusjoner

 

Siste 20 Screeners Choice

 

Siste screenede bilde

 

Hole Olsen Aktiv - Copyright 2006-2016 (All rights reserved)

All information on this page (including pictures) belongs to the author, and commersial
use of the information is not under any circumstances allowed without the owners acceptance.
For private purposes information can be used, but we strongly demand you in any case to refer to trakkemaskin.no.

informasjons lag