NO
EN
DE
IT
FR
ISL
Velg religion
600 Polar W
Kandahar
300 Polar
Everest
GT-450
LH 500
Leitwolf

 

  Medlemmer

 

- Bli medlem
- Glemt passord?
Brukernavn:

Passord:

Husk meg

 
 

  Generelt

 

- Gå til startsiden
- Om tråkkemaskin.no

 
 

  TråkkeNytt

 

- Omtaler
- Siste 15 artikler
- Artikkelarkiv

 
 

  TråkkeMap

 
 

  TråkkeGalleri

 

- Søk
- Topp 100
- Siste 100 Norge (0)
- Siste 100 Verden (0)
- Screeners Choice
- Kommentarer (0)

 
 

  TråkkeForum (0)

 
 

  TråkkeMarkedet

Beitostølen snart klare for ny World Cup - Investerer ti millionar på skistadion i år

Lagt til av: Ole Kristoffer Hole Olsen | publisert: 11.10.2007

Nye løypetrasear, forbetra snøproduksjonsanlegg og langt større og betre lokale for løparar, presse, funksjonærar og publikum. Dette kan arrangørane i Øystre Slidre idrettslag by fram til Beitosprinten og World Cup-renna i november.

Trykk for større bilde
Beitostølen Skistadion med mange oppgraderinger før sesongen © beitoworldcup.no
Det er fjerde gong Beitostølen har fått World Cup, fyrste gong var i 1997. Krava frå det internasjonale skiforbundet har vorte stadig strengare, dette gjeld både sjølve løypene og fasilitetar elles.
– Men gjennom godt samarbeid og stor innsats frå mange har vi no fått til eit utruleg lyft, seier World Cup-general Asbjørn Windingstad, som gler seg til å presentere eit kraftig opprusta anlegg til renna i november.

Høgstandard løype
For å oppfylle krava, mellom anna til brattare stigningar, er det laga ei ny og tøffare løype på 2,5 kilometer. I denne traseen er det lagt ned røyr for vatn og luft under høgt trykk, og uttak for 26 snøkanonar. Ei kraftig pumpe ved Liatjednet syter for 250.000 liter vatn i timen opp til stadion. Der er det montert eitt kjøletårn til, for å auke kapasiteten. To høgtrykkspumper sender vatnet ut att til snøkanonene. Der blir vatnet forstøva ved hjelp av trykkluft frå ein enorm kompressor, noko som gjer det endå enklare å lage kunstsnø.
I alt har skianlegget no 7,5 kilometer med løypetrasear som er lagt til rette for snøproduksjon.

Opprusting av stadion
Mellom skistadion og Beitostølen Camping er det forma til eit nytt område for glitest av ski, med plass for 30 parallelle spor. Det er også laga eit eige oppvarmingsspor på 2,5 kilometer ved sida av sjølve konkurranseløypa.
Heile skistadion er lyfta ved oppfylling med masse, og det er forma slik at det blir svak motbakke inn mot mål. Det er dessutan montert fast lydanlegg med høgtalarar rundt heile stadion.
Seks nye kommentatorboksar er kjøpte inn og skal plasserast ved sida av dei fire eksisterande. Det er også kjøpt inn og montert opp 13 nye smøreboder, slik at det no i alt er plass for 34 nasjonar.
– Vi har hatt leigeutgifter på opp mot ein halv million kroner til kvart arrangement, så det er klart at det løner seg å kjøpe, seier Windingstad.

Garderobar og toalett
Rett ved sida av Idrettens Hus er det laga parkeringsplass for løparar, leiarar og smørjarar. Sjølve Idrettens Hus er ombygd og bygd på for å leggje betre til rette både for løparar og andre. Presserommet er kraftig utvida, med stor glasvegg og terrasse ut mot stadion. Det er laga eit eige VIP-rom, dessutan eitt opphaldsrom for løparar og leiarar, og eitt eige for funksjonærar. Det nylaga garderobeanlegget skal også brukast under dopingkontrollane, og i underetasjen er det eit toalettanlegg som også kan brukast av publikum.
Det blir også bygt eit eige kjøkken som skal brukast i samband med store og små arrangement. Her vil det også vera ope for enkel servering i feriar og ein del helger.

Komplett anlegg
– I fjor og i år investerer vi bortimot 15 millionar kroner her, så no har vi eit komplett internasjonalt anlegg for langrenn og skiskyting, seier arrangementsansvarleg Erik Østli i Øystre Slidre idrettslag. Han reknar med at det alt neste år kjem til å koma krav om avsug frå smørebodene, og fortel at det er lagt kabel i bakken med tanke på lys i den nye løypetraseen.

kilde: avisa-valdres.no

Bildegalleriet har 23075 bilder!
0 lagt inn i dag - 0 den siste uken

Velkommen til Tråkkemaskin.no! På denne siden finner du den største oversikten over bransjenytt, det største bildegalleriet, den ferskeste diskusjonen og mye seriøs fakta!

 

Siste 5 forum

deler til kassbohrer (1 svar)

Sikksakk kjøring (19 svar)

kässbohrer pb 200 mangler framdrift på beltene (2 svar)

Hva vil dere anbefale (7 svar)

PB200d fremdrifts problemer (15 svar)

Alle diskusjoner

 

Siste 20 Screeners Choice

 

Siste screenede bilde

 

Hole Olsen Aktiv - Copyright 2006-2016 (All rights reserved)

All information on this page (including pictures) belongs to the author, and commersial
use of the information is not under any circumstances allowed without the owners acceptance.
For private purposes information can be used, but we strongly demand you in any case to refer to trakkemaskin.no.

informasjons lag