NO
EN
DE
IT
FR
ISL
Velg religion
600 Polar W
Kandahar
300 Polar
Everest
GT-450
LH 500
Leitwolf

 

  Medlemmer

 

- Bli medlem
- Glemt passord?
Brukernavn:

Passord:

Husk meg

 
 

  Generelt

 

- Gå til startsiden
- Om tråkkemaskin.no

 
 

  TråkkeNytt

 

- Omtaler
- Siste 15 artikler
- Artikkelarkiv

 
 

  TråkkeMap

 
 

  TråkkeGalleri

 

- Søk
- Topp 100
- Siste 100 Norge (0)
- Siste 100 Verden (0)
- Screeners Choice
- Kommentarer (0)

 
 

  TråkkeForum (0)

 
 

  TråkkeMarkedet

Millionstøtte til Ørskogfjellet Skisenter

Lagt til av: Ole Kristoffer Hole Olsen | publisert: 28.09.2007

Vestnes kommune går inn med 600.000 kroner i ny aksjekapital og 800.000 kroner i driftsstøtte til Ørskogfjellet Skisenter AS. Det bestemte Vestnes kommunestyre i går kveld.

Driftstilskotet er på 200.000 kroner per år i fire år frå 2007 til 2011.
– Framtida til Ørskogfjellet Skisenter er heilt avhengig av at kommunen engasjerer seg økonomisk slik det er lagt opp til i innstillinga frå formannskapet. Dette er eit vere eller ikkje vere for skisenteret. Ørskogfjell Skisenter får problem med å fortsette utan friske midlar, sa Corinna Stene (Frp), då ho tok ordet i debatten.

Ho understreka at eit slikt skisenter er svært positivt med tanke på både for folk som bur i Vestnes og dei som vurderer å flytte hit. No lova Corinna Stene, som også er styreleiar for skisenteret, ein ny giv. Ho sa at skisenteret vil bli meir synlege og aggressive i marknadsføringa. Av planlagte tiltak nemnte ho bruk av senteret til nye aktivitetar. På investeringslista står innkjøp av eit nytt skiband, som blir bestilt i dag. Dette er ei innretning for dei minste, der dei blir trekt oppover slakke bakkar med ski eller akebrett.

I kommunestyret var det ingen som var negative til å yte støtte til Ørskogfjell Skisenter. Alle som tok ordet understreka at dette er eit godt tilbod for å skape aktivitet og trivsel i Vestnes. Men senteret har hatt ei lang og økonomisk tung historie. Vestnes kommune har tidlegare gått inn med midlar, kommunen står no som eigar av senteret. Det er spesielt dei milde vintrane som har gjort drifta av skisenteret vanskeleg.

Alpinsenteret heitte til å begynne med Nordheis, det vart etablert på 1970-talet. Vestnes kommune overtok skisenteret for 610.000 kroner i 1993. I 2000 overtok Vestnes Energi AS skisenteret, men i 2004 kom Vestnes kommune inn igjen som eigar. No kryssar eigarane fingrane for meir normale vintrar igjen.

kilde: rbnett.no

Bildegalleriet har 23075 bilder!
0 lagt inn i dag - 0 den siste uken

Velkommen til Tråkkemaskin.no! På denne siden finner du den største oversikten over bransjenytt, det største bildegalleriet, den ferskeste diskusjonen og mye seriøs fakta!

 

Siste 5 forum

deler til kassbohrer (1 svar)

Sikksakk kjøring (19 svar)

kässbohrer pb 200 mangler framdrift på beltene (2 svar)

Hva vil dere anbefale (7 svar)

PB200d fremdrifts problemer (15 svar)

Alle diskusjoner

 

Siste 20 Screeners Choice

 

Siste screenede bilde

 

Hole Olsen Aktiv - Copyright 2006-2016 (All rights reserved)

All information on this page (including pictures) belongs to the author, and commersial
use of the information is not under any circumstances allowed without the owners acceptance.
For private purposes information can be used, but we strongly demand you in any case to refer to trakkemaskin.no.

informasjons lag