| 
  
    | 
     
      | Tråkkemaskin gjennom isen
		 Lagt til av: Espen Børresen | publisert: 22.01.2007 Med to personar ombord gjekk ein trakkemaskin til to millionar gjennom isen på ville fjellet mellom Grotli og Stryn Sommerski.
		 
  	
  
  SKJÅK: I dårleg sikt på veg frå Stryn Sommerski til Grotli kom sjåføren av trakkemaskinen ut av kurs. Maskinen gjekk gjennom isen. Dei to personane i maskinen kom heilskinna frå det.
   | 
     | Trykk for større bilde |  
      |  |  |  
   | Trakkemaskinen står bom fast i isen på ville fjellet mellom Grotli og Stryn Sommerski. © Tor Bruland |  
 Bergingsaksjon
 Nå blir det sett i gang ein omfattande bergingsaksjon for å få opp att trakkemaskinen til to millionar kroner som tilhøyrer Stryn Sommerski.
 
 - Så fort det går an vil vi få innover ei stor gravemsakin og trakkemaskin frå Grotli for å få opp att trakkemaskinen, seier driftsleiar Hans Anders Rindhølen i Stryn Sommerski til GD.
 
 - Ikke forureiningsfare
 Han meiner at det ikkje er grunn til å frykte forureining frå maskinen, der berre førarhuset stikk opp. Uhellet skjedd laurdag, ved den vinterstengde Gamle Strynefjellsvegen omtrent ei mil frå Grotli.
 
 - Vi håpar at vi skal vera på tur innover med bergingsutstyr i løpet av mandag, seier Rindhølen.
 
 Av: Elias Sperstad
 Kilde: www.gd.no
 
 |  |  | 
 
  | Bildegalleriet har 23087 bilder! 0 lagt inn i dag - 0 den siste uken 
  	
    | 
Velkommen til Tråkkemaskin.no! På denne siden finner du den største oversikten over bransjenytt, det største bildegalleriet, den ferskeste diskusjonen og mye seriøs fakta!
    
     |  |      
 
  | Siste 20 Screeners Choice |      |