NO
EN
DE
IT
FR
ISL
Velg religion
600 Polar W
Kandahar
300 Polar
Everest
GT-450
LH 500
Leitwolf

 

  Medlemmer

 

- Bli medlem
- Glemt passord?
Brukernavn:

Passord:

Husk meg

 
 

  Generelt

 

- Gå til startsiden
- Om tråkkemaskin.no

 
 

  TråkkeNytt

 

- Omtaler
- Siste 15 artikler
- Artikkelarkiv

 
 

  TråkkeMap

 
 

  TråkkeGalleri

 

- Søk
- Topp 100
- Siste 100 Norge (0)
- Siste 100 Verden (0)
- Screeners Choice
- Kommentarer (0)

 
 

  TråkkeForum (0)

 
 

  TråkkeMarkedet

Røldal Skisenter snøar ned

Lagt til av: Espen Børresen | publisert: 22.01.2007

Røldal Skisenter held på å snøa ned. Senteret gjev ikkje opp snødjupna fordi ingen vil tru det likevel. Men med 2000 gjester sundag, vart største utfordringa mangel på parkeringsplassar og billettsystemet. På grunn av lang ventetid utvida dei opningstida med ein time - som i tillegg var gratis, opplyser dagleg leiar Oddvar Bratteteig.

Trykk for større bilde
Slik såg det ut på Korlevoll sundag ettermiddag. © Johs H. Sekse
Det var kø på kø i Håradalen sundag. Folk frå store delar av Vestlandet hadde funne fram til Røldal i mangel på snø mange andre stader. Det klarte ikkje apparatet der oppe svelgja heilt unna.

Parkeringsplassen var tidleg full, og dermed parkerte bilistane nedetter langs vegen, heilt ned til fyrste sving. Noko som skapte farlege situasjonar.

Så var det køar både ved billettbua og stolheisen. Ikkje alle orka det. Mellom anna ein småbarnsfar frå Stavanger med ein grinande son på fire på ryggen og ein seksåring som var like fortvila.

Stinn brakke
- No har eg stått i billettkø i tre timar, no gjev eg opp, sa han til dagleg leiar Oddvar Bratteteig, som berre kunne beklaga. Ny heis neste år vil berre hjelpa ein del. Det trengs langt fleire parkeringsplassar.

I tillegg er heller ikkje anlegget stort nok med tanke på matservering. HF sin utsende prøvde å koma inn i kaféen, men gav opp rett innanfor døra. Er det nokon plass ein kan snakka om stinn brakke, måtte det vera nettopp der sundag.

Snøen har også byrja å skapa litt problem. Men så langt har det gått greitt. I fylgje nettsida deira er det 3,30 meter. Men når du spør, berre ler dei. Det er ikkje vist i å oppgje snødjupna. Ingen vil tru det likevel, sa ein av ei som arbeider ved senteret.

Skreiv gebyr så det spruta
Sundag skrev politiet ut 16 gebyr for feilparkering, 15 i Håradalen og eitt på Korlevoll.

Politifyrstebetjent Per Helge Sekse seier til Hardanger Folkeblad at alle som stod parkert nedanfor der det er utbrøytt ved Røldal Skisenter, stod ulovleg. Dei fekk seg kvar sitt gebyr på 500 kroner.

På Korlevoll var det også mange i gråsona, men tvilen kom dei til gode. Derimot gav dei bot til ein som hadde parkert på motsett side av vegen.

Parkeringsplassen på Korlevoll var full, medan plassen på Hesjabakkmyrane ikkje var brøytt i det heile. Dermed fann ikkje mange andre stader enn å parkera langs vegen. Regelen er at du ikkje kan parkera langs ein veg dersom fartsgrensa er høgare enn 50.

Av: Johannes Sekse
Kilde: www.hardanger-folkeblad.no

Bildegalleriet har 23075 bilder!
0 lagt inn i dag - 0 den siste uken

Velkommen til Tråkkemaskin.no! På denne siden finner du den største oversikten over bransjenytt, det største bildegalleriet, den ferskeste diskusjonen og mye seriøs fakta!

 

Siste 5 forum

deler til kassbohrer (1 svar)

Sikksakk kjøring (19 svar)

kässbohrer pb 200 mangler framdrift på beltene (2 svar)

Hva vil dere anbefale (7 svar)

PB200d fremdrifts problemer (15 svar)

Alle diskusjoner

 

Siste 20 Screeners Choice

 

Siste screenede bilde

 

Hole Olsen Aktiv - Copyright 2006-2016 (All rights reserved)

All information on this page (including pictures) belongs to the author, and commersial
use of the information is not under any circumstances allowed without the owners acceptance.
For private purposes information can be used, but we strongly demand you in any case to refer to trakkemaskin.no.

informasjons lag