NO
EN
DE
IT
FR
ISL
Veljið svæði
600 Polar W
Kandahar
300 Polar
Everest
GT-450
LH 500
Leitwolf

 

  Félagar

 

- Gerast félagi
- Gleymt lykilorð?
Notandanafn:

Lykilorð:

Muna

 
 

  Almennt

 

- Upphafssíða
- Um vefinn

 
 

  Fréttir

 

- Umsagnir
- Síðustu 15 greinar
- Greinasafn

 
 

  TråkkeMap

 
 

  Myndasafn

 

- Leit
- Topp 100
- Síðustu 100 Island (0)
- Síðustu 100 alls staðar að (0)
- Uppáhald umsjónarmanns
- Ummæli (0)

 
 

  Umræður (0)

 
 

  Markaður með notað

Stranda kommune sel skisenteret

Lagt til av: Espen Børresen | publisert: 26.02.2011

Stranda kommune har fått kritikk for å bruke 125 millionar kroner på eit skianlegg. Ordførar Frank Sve seier at dei no har fleire intressentar som vil kjøpe Strandafjellet skisenter, og at det kan bli sal i løpet av kort tid.

Trykk for større bilde
© nrk.no
Ordførar Frank Sve håper han snart kan besøke Strandafjellet skisenter som gjest, og ikkje som eigar. For etter at flere aktører har vist interesse for anlegget, kan det gå mot sal i nær framtid.

- Vi kan ikkje seie noko om kven interessentane er no. Vi er inne i ein prosess og skal bruke tid framover våren for å få eit godt grunnlag sal til private eigarar.

Store kostnadar
Det kostar å ville bli ein av Europas beste skidestinasjonar. Stranda kommune har brukt rundt 125 millionar kroner på anlegget.
- I landsmålestokk er dette ikkje store investeringar. Vi har fått eit stort anlegg som har vore godt utbygd med løyper gjennom mange tiår og no har vi fått prikken over i-en med eit skikkelig anlegg som egentlig ikkje er dyrt, seier Sve

Det er knytta stor spenning til hva prisen vil bli, men Sve er rimeleg sikker på at den vil bli bra.
- Dette er Noregs svar på Alpane midt i hjartet av fjord-Noreg og då treng ein ikkje seie meir.

Reiselivsnæringa positiv
Også reiselivsnæringa i distriktet følgjer spent med på kven som vil gå inn på eigarsida. Dei håpar at dei som kjem inn kan å drive skisenter, seier reiselivssjef i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, Geir Steinar Vik.
- Dei som kjem inn må kunne tenkje både nasjonalt og internasjonalt og at dei ikkje tek til takke med anlegget slik som det står no - for det er berre først trinn.

Stranda kommune er i Noregs-toppen når det er snakk om kommunal gjeld per innbyggjar. Difor har investeringane i skisenteret blitt møtt med kritikk .

Sve slår tilbake og meiner at dei som ikkje gjer noko aldri får kritikk, mens dei som er dumme nok til å gjere noko oftast får kritikk.

- Dette må vi berre tole, for no ser alle at denne destinasjonen har blitt fantastisk.

Sve ser ikkje på dette som ein siger.
- For meg er det viktig å gjere ein god jobb for kommunen. Klarer eg å skaffe arbeidsplassar og tru på framtida for fleire som kan bu i vår kommunen, så er det den største sigeren.

Kilde: www.nrk.no

Myndasafn telur 23086 myndir!
0 bætt við í dag - 0 bætt við síðustu vikuna

Velkomin(n) á Tråkkemaskin.no! Á þessu vefsetri finnur þú stærsta myndasafnið, nýjustu umræður og heilmikið af staðreyndum!

 

Síðustu 5 umræður

Opplæringsdokument (2 svör)

Opplæringsdokument (0 svör)

Type Hydraulik olje (2 svör)

deler til kassbohrer (1 svör)

Sikksakk kjøring (19 svör)

Allar umræður

 

Síðustu 20 uppáhalds

 

Nýjasta mynd

 

Hole Olsen Aktiv - Copyright 2006-2016 (All rights reserved)

All information on this page (including pictures) belongs to the author, and commersial
use of the information is not under any circumstances allowed without the owners acceptance.
For private purposes information can be used, but we strongly demand you in any case to refer to trakkemaskin.no.

informasjons lag