NO
EN
DE
IT
FR
ISL
Velg religion
600 Polar W
Kandahar
300 Polar
Everest
GT-450
LH 500
Leitwolf

 

  Medlemmer

 

- Bli medlem
- Glemt passord?
Brukernavn:

Passord:

Husk meg

 
 

  Generelt

 

- Gå til startsiden
- Om tråkkemaskin.no

 
 

  TråkkeNytt

 

- Omtaler
- Siste 15 artikler
- Artikkelarkiv

 
 

  TråkkeMap

 
 

  TråkkeGalleri

 

- Søk
- Topp 100
- Siste 100 Norge (0)
- Siste 100 Verden (0)
- Screeners Choice
- Kommentarer (0)

 
 

  TråkkeForum (0)

 
 

  TråkkeMarkedet

Bjørnestad Skisenter går mot rekordomsetjing

Lagt til av: Espen Børresen | publisert: 07.02.2010

Medan nokre av skitrekka i Sirdal slit med lite snø, går det sørlegaste trekket i kommunen mot rekordomsetjing.

Trykk for større bilde
Rune Samslått (venstre) og Livar Gauksås er svært godt nøgde med omsetjinga i Sirdals brattaste skitrekk så langt i år. Om vèrgudane framleis spelar på lag, kan det gå mot rekordsesong. © Oddvar Tjomlid
-Til nå har me hatt 36 køyredagar, og er alt oppe i 2/3 av fjorårsomsetjinga, fortel Livar Gauksås, ein av dei tre aksjonærane i skitrekket.

Om det framleis blir brukande vintertilhøve dei neste par månadene, blir det gilde tal i 2010-rekneskapen.

-Ja, det kan gå mot den beste sesongen nokonsinne.

Skitrekket ligg svært strategisk plassert. Ingen av skiterekka i Sirdal har så stort potensiale med omsyn til befolkning i nærområdet. Om ein til dømes aksepter ei køyretid på 1-1 1/2 time, kan mange titusenar bruke anlegget, til dømes ei kveldsstund i flomlyset. Kundane kjem frå aust og vest.

-Dei kjem både frå Stavanger, Egersund, Flekkefjord og Kvinesdalsområdet, i tillegg til Tonstad, seier Gauksås, som også har ein annan godbit å by på til alpinfolket. Av den økonomiske sorten. For desse køyreprisane er det ikkje mange alpinanlegg som kan konkurrere med:

- Dagskort, frå klokka 09.00 - 21.00, kostar 180 kroner for vaksne og 150 kroner for barn.

- Kveldskøyring frå klokka 16.00 - 21.00 kostar 140 kroner for vaksne og 120 kroner for barn.

Skianlegget har skiutleige for dei som ikkje har alpinutstyr sjølv. Det gjeld både ski og snowboard.

Det er den siste tida investert i fleire snøkanonar og eit par nye pumper. Til sommaren er planen å byggje nytt renseanlegg. Og neste vinter er håpet goodwill frå oven.

Stor aktivitet på Feed
På Feed skiarena, nokre få kilometer lenger nord-aust, har det også vore stor aktivitet i heile vinter. Det har vore stabile snøtilhøve sidan byrjinga av desember. I dag var eit par hundre deltakarar på plass for å delta i landsmesterkapet i skiskyting.
Så ein kan trygt seie at det har vore ein smellande god sesong for det flotte skianlegget på Feed.

Kilde:www.sirdolen.no

Bildegalleriet har 23075 bilder!
0 lagt inn i dag - 0 den siste uken

Velkommen til Tråkkemaskin.no! På denne siden finner du den største oversikten over bransjenytt, det største bildegalleriet, den ferskeste diskusjonen og mye seriøs fakta!

 

Siste 5 forum

deler til kassbohrer (1 svar)

Sikksakk kjøring (19 svar)

kässbohrer pb 200 mangler framdrift på beltene (2 svar)

Hva vil dere anbefale (7 svar)

PB200d fremdrifts problemer (15 svar)

Alle diskusjoner

 

Siste 20 Screeners Choice

 

Siste screenede bilde

 

Hole Olsen Aktiv - Copyright 2006-2016 (All rights reserved)

All information on this page (including pictures) belongs to the author, and commersial
use of the information is not under any circumstances allowed without the owners acceptance.
For private purposes information can be used, but we strongly demand you in any case to refer to trakkemaskin.no.

informasjons lag