NO
EN
DE
IT
FR
ISL
Velg religion
600 Polar W
Kandahar
300 Polar
Everest
GT-450
LH 500
Leitwolf

 

  Medlemmer

 

- Bli medlem
- Glemt passord?
Brukernavn:

Passord:

Husk meg

 
 

  Generelt

 

- Gå til startsiden
- Om tråkkemaskin.no

 
 

  TråkkeNytt

 

- Omtaler
- Siste 15 artikler
- Artikkelarkiv

 
 

  TråkkeMap

 
 

  TråkkeGalleri

 

- Søk
- Topp 100
- Siste 100 Norge (0)
- Siste 100 Verden (0)
- Screeners Choice
- Kommentarer (0)

 
 

  TråkkeForum (0)

 
 

  TråkkeMarkedet

Meir stolheis på Stranda

Lagt til av: Espen Børresen | publisert: 03.02.2010

Sekssetars stolheis til Roalden, snøkanonar og Paviljong på toppen. Det har Strandafjellet KF vedteke denne veka.

Trykk for større bilde
Her kjem den nye heisen, viser Stranda-ordførar Frank Sve. © TERJE ENGÅS
– Braksuksessen med det nye anlegget på Fursetsida gjer at no gjev vi full gass også på Roalden, seier Stranda-ordførar Frank Sve (Frp).

Han er styreformann i det kommunale føretaket Strandafjellet KF. Her vedtok styret denne veka å satse på endå ein stolheis på Strandafjellet.

Roalden
Denne skal gå opp på Roalden, slik at ein når tak i fjelltrekket der som kan frakte folk heilt til topps.

Dette blir ein stolheis som har plass til seks passasjerar, mot fire på Fursetsida. Den blir også litt lenger enn Fursetheisa. Paviljong og snøkanonar er også med i planen.

Anbod
Anlegget blir i desse dagar lagt ut på anbod. Sve trur prisen kjem på om lag 30 millionar kroner.
– Vi har teke eit atterhald om at vi får finansieringa i orden. Målet er å få med lokale investorar. Det reknar eg med skal gå greitt. Men vi kan også klare det åleine, meiner Sve.
Målet hans er å sette spaden i jorda i månadsskiftet mai-juni.

– Har de råd til dette, då?
– Ja, dette blir ein suksess. Allereie i dag går det nye anlegget på Fursetsida i pluss. I januar hadde heisen 30 prosent fleire brukarar enn vi hadde budsjettert med. Berre sist søndag var det over 1.300 besøkjande. Så her er det berre å køyre på, seier Sve.

Kosberg teiknar
Og gassen er i botn allereie. Arkitekt Kjell Kosberg teiknar i desse dagar på det nye servicebygget som allereie i år skal reisast oppe ved parkeringsplassen på fjellet.

Bygget skal innehalde butikkar, booking, skiutleige, kontor, toalett – og ein restaurant.
Til neste vinter skal også brua over riksvegen stå ferdig, slik at ein unngår alpinistar i vegbanen.

Hotell. Eit caravansenter i nærleiken er under planlegging. Og investorar har planar om både hotell og endå fleire hytter.

– Strandafjellet får det største skianlegget på Nordvestlandet. Med stolheis opp til Roalden vil det opne seg nye moglegheiter. Roalden er solsida til Strandafjellet. Det er her ein har utsyn rett ned mot fjorden. Og det vil bli mogeleg å stå på ski til langt ut på våren, legg Sve til.

Større verdi
Med denne utbygginga på Strandafjellet meiner han at verdien av tomtene på fjellet blir mangedobla. Dette vil han at dei private utbyggjarane skal betale litt for.
– Det er vanleg andre stader at ein betaler litt for infrastrukturen. For kvar hytte vil det ikkje bety meir enn nokre tusen kroner. Det er også berre eit eingongsbeløp. Utbygginga gjer jo at ei hyttetomt verd til dømes 100.00 kroner, vil gå for 500.000 etter at begge stolheisane og alt det andre er på plass, meiner Sve.

Eige selskap
– Klarer Stranda meir lån?
– Det er ikkje Stranda kommune, men eit frittståande selskap, eit KF, som forpliktar sine eigne lån. Inntektene dei får vil dekkje utgiftene, seier Sve.
– Om inntektene sviktar?
– Då kjem kommunen inn. Men det er ingen risiko. Dette er ei stor vitamininnsprøyting. Store beløp har hittil kome tilbake i kommunekassa. Det har jo vrimla av bedrifter som har hatt folk i aksjon oppe på fjellet.
Frank Sve seier at det er viktig å få ferdig stolheis til Roalden før Kvivsvegen står ferdig. Ytre og søre Sunnmøre er ein stor marknad for Strandafjellet.

Kilde: www.smp.no

Bildegalleriet har 23075 bilder!
0 lagt inn i dag - 0 den siste uken

Velkommen til Tråkkemaskin.no! På denne siden finner du den største oversikten over bransjenytt, det største bildegalleriet, den ferskeste diskusjonen og mye seriøs fakta!

 

Siste 5 forum

deler til kassbohrer (1 svar)

Sikksakk kjøring (19 svar)

kässbohrer pb 200 mangler framdrift på beltene (2 svar)

Hva vil dere anbefale (7 svar)

PB200d fremdrifts problemer (15 svar)

Alle diskusjoner

 

Siste 20 Screeners Choice

 

Siste screenede bilde

 

Hole Olsen Aktiv - Copyright 2006-2016 (All rights reserved)

All information on this page (including pictures) belongs to the author, and commersial
use of the information is not under any circumstances allowed without the owners acceptance.
For private purposes information can be used, but we strongly demand you in any case to refer to trakkemaskin.no.

informasjons lag