| 
  
    | 
     
      | Gondol på Strandafjellet neste sesong 
		 Lagt til av: Ole Kristoffer Hole Olsen | publisert: 28.12.2008 - Vi er avhengig av at omreguleringa av sentrumsområdet i Hevsdalen går smertefritt, så vil vi kunne frakte dei første personane opp til Roalden med gondolbane i byrjinga av desember neste år, seier Frode Bratli. 
		 
  	
  
  Det skal i alle fall ikkje stå på oss, seier Frode Bratli, og ser opp mot toppen av Roalden.
   | 
     | Trykk for større bilde |  
      |  |  |  
   | Frode Brattli legger alle kluter til for å få til en sårt etterlengtet utbygging på det nordvestlandske alpinkartet © sunnmoringen.no |  
 - Der ønskjer han å få bygd ein serveringsstad og utkikkspunkt, og ei gondolbane frå botn av dalen og heilt opp til toppen.
 
 For å få løyve til å byggje ei slik gondolbane, må Bratli få på plass ei omregulering av sentrumsområdet i Hevsdalen (S1, 2 og 3). I vår kjøpte han dette området frå Strandafjellet AS, saman med ei investorgruppe av Oddernes Eiendom (Petter Kleppan) og Primus Invest AS.
 
 I midten av januar vil dei søkje om at gjeldande reguleringsplan for sentrumsområdet blir oppheva, for å presentere ei ny reguleringsløysing i slutten av april.
 
 Han ønskjer å invitere til eit folkemøte for å presentere planane og få innspel til den nye reguleringsplanen i byrjinga av april.
 
 I tillegg vil investorane ta over eigarskapet av Strandafjellet skisenter.
 
 - Dette bør vere klart i løpet av januar, seier Bratli.
 
 Dei er også i kontakt med eit svensk selskap, med stor erfaring frå drift av ulike skisenter i Europa.
 
 kilde: sunnmoringen.no
 |  |  | 
 
  | Bildegalleriet har 23087 bilder! 0 lagt inn i dag - 0 den siste uken 
  	
    | 
Velkommen til Tråkkemaskin.no! På denne siden finner du den største oversikten over bransjenytt, det største bildegalleriet, den ferskeste diskusjonen og mye seriøs fakta!
    
     |  |      
 
  | Siste 20 Screeners Choice |      |