NO
EN
DE
IT
FR
ISL
Veljið svæði
600 Polar W
Kandahar
300 Polar
Everest
GT-450
LH 500
Leitwolf

 

  Félagar

 

- Gerast félagi
- Gleymt lykilorð?
Notandanafn:

Lykilorð:

Muna

 
 

  Almennt

 

- Upphafssíða
- Um vefinn

 
 

  Fréttir

 

- Umsagnir
- Síðustu 15 greinar
- Greinasafn

 
 

  TråkkeMap

 
 

  Myndasafn

 

- Leit
- Topp 100
- Síðustu 100 Island (0)
- Síðustu 100 alls staðar að (0)
- Uppáhald umsjónarmanns
- Ummæli (0)

 
 

  Umræður (0)

 
 

  Markaður með notað

Koblar saman og opprettar Sirdal Skiheiser as

Lagt til av: Ole Kristoffer Hole Olsen | publisert: 21.09.2007

Til vinteren blir det berre «nedovebakkar» mellom skitrekka i Ålsheia og Tjørhomfjellet. Det vil seie, du blir frakta til dei høgaste punka, og kan velje ulike nedoverbakke-løysningar for å kome deg fram. Enten mot Tjørhomfjellet, eller mot Ålsheia. Det siste trekket som mangla for å realisere «nedoverbakke-planane», er på plass til sesongstart.

Trykk for større bilde
Frå venstre dagleg leiar Øystein Tjørhom, Ole Johan Tjørhom, Per Kverneland, styreformann i Ålsheia Skisenter as og prosjektleiar for utbyggjinga, Jonny Vik © sirdolen.no
-Me knyttar anlegga optimalt saman og opprettar eit eige driftselskap. Driftselskapet leigar så ut arbeidskraft til Ålsheia Skisenter og Sirdal Alpint, forklarer Ole Johan Tjørhom, som gjennom Sirdal Bygg as har stilt garanti for fullfinansieringa. SR-Bank har gitt tilsagn om eit lån på 1 milion kroner, og Sirdalsvekst 500.000 kroner. Totale kostnader knytta til ny heis og terrengrydding, er 3 millionar kroner. Det blir kunden som blir den store vinnaren når eit av dei 10 største alpinanlegga i Noreg er ein realitet, meiner dagleg leiar i Sirdal Alpint, Øystein Tjørhom.

-Eitt av anlegga vil uansett alltid vere opent, og brukarane har eit heiskort som kan nyttast i begge trekka. Det blir også ein synergieffekt for anlegga som kan spare pangar på driftssida.

-Uansett så er det kunden som blir vinnaren, meiner prosjektansvarleg Jonny Vik, og viser til at samarbeidet også opnar for fleire heilårs arbeidsplassar.

-Det blir ein dobling av heilårsarbeidsplassar. Og så blir det satsing på downhill med sykkel frå neste år, seier styreleiar i Ålsheia Skisenter, Per Kverneland.

Planane innbefattar også sykkeltrasear innover heia frå toppen av heisen. Det blir totalt 9 trekk som Sirdal Fjellheisar disponerer, og eit tjuvetalls nedfartar.

-Ein positiv biverkand er betre spredning av folk og dermed mindre kø.

Den nye heisen er 230 meter lang og førar alpinfolket opp til toppen av fjellet på nordsida av alpinanlegget ved Tjørhomfjellet. Når ein del bjørk og kratt er reinska bort, kan ein svinge seg ned lia til stolheisen.

-Når alt er ferdig er ikkje dette berre eit alpinsenter, men ein aktivitetspark. Og det er ikkje alt ein kjem til å trenge å kjøpe dagskort til for å bruke, forklarer Øystein Tjørhom.

kilde: sirdolen.no

Myndasafn telur 23086 myndir!
0 bætt við í dag - 0 bætt við síðustu vikuna

Velkomin(n) á Tråkkemaskin.no! Á þessu vefsetri finnur þú stærsta myndasafnið, nýjustu umræður og heilmikið af staðreyndum!

 

Síðustu 5 umræður

Opplæringsdokument (2 svör)

Opplæringsdokument (0 svör)

Type Hydraulik olje (2 svör)

deler til kassbohrer (1 svör)

Sikksakk kjøring (19 svör)

Allar umræður

 

Síðustu 20 uppáhalds

 

Nýjasta mynd

 

Hole Olsen Aktiv - Copyright 2006-2016 (All rights reserved)

All information on this page (including pictures) belongs to the author, and commersial
use of the information is not under any circumstances allowed without the owners acceptance.
For private purposes information can be used, but we strongly demand you in any case to refer to trakkemaskin.no.

informasjons lag