Topp trafikk i Myrkdalen
Lagt til av: Espen Børresen | publisert: 09.01.2007
Sjølv om vêret har vore temmeleg grått og vått har skifolket strøymd til i hopetal!
Trykk for større bilde |
|
|
SNØ OG REGN: Det var ikkje berre nedbøren som kom tett. Det same gjorde skiløparane som har vore sveltefora på gode skiløyper. I helga drog mange av dei til Myrkdalen. © Alf Haakon Harlem |
Hjå Myrkdalen Fjellheisar AS har dei tilsette smykka seg med dei breiaste smila sine. Trafikken har vore upåklageleg heile veka - særleg no i helga, opplyser dagleg leiar John Ivar Norheim.
Laurdag og sundag vart det registrert over 1300 personar i løypene kvar dag. Dermed var det knapt ein parkeringsplass å oppdriva. Det var kø i heisane og fullt i begge varmestovene - akkurat slik dei ynskjer seg. Det er tydleg at svært mange er sugne på skiopplevingar og då gjer det ikkje så mykje om vêret i realiteten er dårleg.
Kilde:www.avisa-hordaland.no
| |
|
Myndasafn telur 23086 myndir!
0 bætt við í dag - 0 bætt við síðustu vikuna
Velkomin(n) á Tråkkemaskin.no! Á þessu vefsetri finnur þú stærsta myndasafnið, nýjustu umræður og heilmikið af staðreyndum!
|
|
|